Fitjar teaterlag stod for mykje av underhaldninga under opningsarrangementet til Fitjarfestivalen i dag, saman med stuntpoet Arne Torget, og det er ingen tvil om at dei lokale revyartistane og kan få publikum til å le godt.

Både Henning Wichmann, Terje Træet og Ole Bergesen dukka opp i ulike kjende skikkelsar som fitjarfolk er van med å le godt av. Sjølv om dei kanskje kom litt i skuggen av «nykomaren» frå Brandasund, var det mykje å le av her og. Variasjonen med at Torget kom inn med sine dikt mellom dei ulike lokale figurane fungerte svært fint og var til fordel for alle. Henning Wichmann som Halgrim Fitjar, som har vore historielærar i Fitjar i tre generasjonar, hadde ein artig historietime om Kongen med gullhjelmen, der halve Fitjars befolkning var fletta inn i historia. Mykje å le av her, og dette var eit av dei nummera som fekk applausen til å nå dei store høgder. Doktor Eikeland, i Terje Træet sin skapnad, er ein gamal travar som ingen ser ut til å verta lei av. Publikum lo lenge før «Eikeland» hadde sagt noko som helst. Dette må seiast å vera Terje Træet sin glansparodi og ikkje berre er vitsane morsomme, men heile mimikken er til forveksling så lik orginalen at det er til å le seg skakk av. Den gamle kjenningen Oskar, med stokk, nikkers og strikkesokkar var og innom ein tur, og like eins den sjølvgode Fitjarbuen frå Ivarsøyo.

Kultursjef Bente Bjelland takka underhaldarane og overrekte dei kvar si Fitjar-såpe for milde og modige menn, før musikar Ingvald Alvseike overtok podiet og sørgde for flott bakgrunnsmusikk i matteltet der det vart servert okse frå Reino, sæterbøgris, sjøtrollaks og fitjarpølsa med grov potetlefse og løkmariande.