Fitjar kammerkor og Gjertruds Sigøynerorkester. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

– Lidenskap. Det er ikkje noko anna ord som passar betre når ein skal skildra den kjensla du sit med etter å ha høyrt, sett og ikkje minst opplevd det musikalske fyrverkeriet som Gjertruds Sigøynerorkester manar fram gjennom allsidig instrumentbruk og kjenslesprengande songuttrykk.

– Denne festen, fyrverkeriet, lidenskapen, livslyst og melankoli kan du no få oppleva på Fitjar att, melder eit svært entusiastisk Fitjar kammerkor. Dei byr inn til konsert med seg sjølv, Gjertrud’s Sigøynerorkester og spanande gjestebesøk frå «sigøynaren» Helge Jordal.

– Fredag 13.mars kjem dette unike orkesteret til å varta opp i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg med eit variert program med musikalske uttrykk som i hovudsak er henta frå aust-europeisk sigøynarmusikk. Orkesteret er sett saman av profesjonelle musikarar frå heile landet (og Ungarn) og trakterer instrument som fiolin, trekkspel, kontrabass, fagott, bratsj, cello og cimbalom, melder Fitjar kammerkor.

Foto: Gjertruds Sigøynerorkester

– Me har tru på at både lokale koristar og publikum vil få ei oppleving dei seint vil gløyma i dette spanande musikalske møtet.

Fitjar kammerkor har tidlegare sunge med Gjertrud’s Sigøynerorkester på ein temakveld i Fitjar Kyrkje. Dette var første gangen Gjertruds Sigøynerorkester hadde eit kor med seg, og dei fylte kyrkja.

– Denne gangen er det Fitjar Kammerkor som arrangerer konserten sjølv, og me har fått støtte til arrangementet frå Aktivitetsmidler for Kor, og frå Fitjar Kraftlag, avsluttar dei i pressemeldinga.