Det er inn i tida med gjenbruk, og både gjenbruksdagar, gjenbruksbutikkar og gjenbrukssider på facebook er populære blant dei som ynskjer å vera moderne og miljøbevisste. Folk på Fitjar følgjer med i tida og ein finn representanar for alle dei ulike gjennbruksalternativa i bygda vår.

Babysong og småbarnstreff har gjentekne gongar arrangert gjenbruksdag på sine samlingar, og dette har vore eit populært tiltak som har blitt brukt av mange. Her har det først og fremst handla om barnekle og -utstyr, men alt er av interesse så lenge kvar og ein tek med seg heim att det som dei ikkje vert kvitt. Særleg dei første åra rekk ikkje ungane å slita ut kleda, og mange synes det er kjekt om andre kan bruka dei etterpå. På småbarnstreff fungerer det slik at kle og andre små ting vert selt for 10,- pr stk og overskotet går til drifta av småbarnstreff. Større ting og utstyr set seljar pris på og tek sjølv imot betalinga. Førstkomande onsdag gjentek babysong og småbarnstreff suksessen og håpar mange vil nytta høve til å  kvitta seg med ting dei ikkje treng lenger og slå eit slag for miljøet ved å skaffa seg brukt det ein treng. Erfaring tilseier at det er svært mykje fint til sals, som ein kan skaffa seg for ein svært rimeleg penge, samstundes som ein støtter småbarnstreff og kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te. Du kan lesa om gjennbruksdagen her.

Fleire frå Fitjar har engasjert seg i misjonssambandet sin gjenbruksbutikk i Sagvåg, og her ser og drifta ut til å gå glimrande. Her tek dei imot brukte ting og sel vidare alt frå møblar og sportsutstyr til bøker og kle. Då skeise-isen vart liggjande så lenge i vinter var det mange som nytta høvet til å skaffa seg fint brukte skeiser i butikken i Sagvåg. Du kan lesa meir om gjenbruksbutikken her.

Siste tilskot på gjenbruksstamma er ei facebook-side grunnlagt av Kjerstin Stokken. Sida vart oppretta 16,. april og har i dag, fire dagar seinare, allereie 396 medlem. Her kan ein selja, kjøpa, bytta, og få ting frå andre i nærområdet. Mange ulike «annonser» ligg ute. Fotooppdrag, dekk, barnevogner osv. Både kjøparar, seljarar og gjevarar har lagt ut annonser, og sida er open for alle som er på facebook. Grunnleggjar Kjerstin Stokken seier ho fekk ideen då ho såg at ei venninne var tilhengjar av ei liknande side i Trøndelag. Ho tenkte dette var ein genial idè, og med nokre få tastetrykk hadde ho laga ei liknande side for folk på Fitjar. Ho sende så informasjon til sine facebook-venner på Fitjar og med det spredde det seg ganske raskt vidare. Resten gjere seg jo sjølv når folk legg ut ting dei treng eller vil bli kvitt, seier Kjerstin, og både håpar og trur at dette er ei side som kjem til å verta mykje brukt.