Gjennbruk er miljøvennleg, økonomisk og in i tida. Onsdag 14. mai vil Babysong og småbarnstreff leggja til rettes for at ting kan "gå i arv". Det vert først vanleg Babysong og småbarntreff kl. 10.30, med songstund, nistemåltid og leik. Etterpå vert det høve til å ta fram det ein måtte ha funne heime i skuffer, skap og garasje som ikkje lenger er i bruk, men som kanskje kan koma til nytte for andre. Dette kan vera fint brukte kle, leiker, barneutstyr, sportsutstyr o.l. Ting med stor verdi set eigaren sjølv ein pris på og sel. Kle og leiker med mindre verdi vert seld for symbolske 10-20 kroner, og desse pengane kjem til å gå til drifta av Babysong og småbarnstreff. Kvar einskild tek med seg heim att det som dei ikkje vert kvitt. Småbarnstreff håpar mange vil vera med å slå eit slag for gjennbruk ved å kvitta seg med det ein ikkje treng på ein fornuftig måte, og ved å kjøpa brukte ting ein har bruk for. Og kanskje kan dette vera ein grunn for å rydda opp i gamle ting som har hopa seg opp…