Kultursjef i Fitjar kommune, Elise Aarbø, og Annbjørg Raunholm på Fitjar kultur- og idrettbygg fortvilar over mykje gjengløymt utstyr. På lageret sitt har dei liggjande nesten ubrukte sko og klede, merkevarer frå Adidas, Umbro, Nike og Bjørn Borg. I idrettshallen, garderobane – og rundt om i huset elles – legg folk att etter seg mykje som er for verdfullt til å kasta. På utstyrsrommet har dei lagra gjengløymt utstyr frå dei to siste sesongane. Her ligg haugevis av gode sko, mange av dei nesten ubrukte. Og like ubrukte idrettsklede av kjende fabrikat. I tillegg har dei teke vare på ein god del klokker, ringar og andre smykke, og ein mp3-spelar.

Gjengløymde ting blir først hengande ei veke eller to, i håp om at eigaren kjem og hentar dei. Så blir dei tekne inn på vaskerommet, der dei blir liggjande to-tre veker. Her har vaktene frå Fitjar Idrettslag tilgjenge, og dei kan hjelpa til å henta tinga ut. Etter kvart som tida går utan at nokon melder seg, hamnar gjengløymde ting inne i ”hvelvet”, eller styrketreningsrommet, som no fungerer som lager.

Her ligg ”årets kolleksjon” spreidd utover golvet. Langs veggen står sekkar med utstyr som har lege over ein sesong. Til sommaren sorterer dei det som er over eitt år, og kasserer det som ikkje er brukande. Resten blir reingjort og sendt med Barmhjertighetsbussen. Derfor må dei som saknar klede og sko melda seg snarast for å sjå om dei finn noko dei eig.

I fjor vår blei alt utstyret lagt ut i foajeen, og det blei sendt meldingar gjennom Fitjar Idrettslag. Men veldig få interesserte melde seg. Elise Aarbø og Annbjørg Raunholm oppmodar folk om å ta kontakt; her ligg mange fine, kostbare ting som ikkje bør kastast.

Folk som trur dei kan ha lagt noko att etter seg, kan ringja Elise Aarbø 480 48 731 eller Annbjørg Raunholm 480 03 104.