Ein trufast flokk køyrer over kommunegrensa kvar veke.

Dei fleste av desse er pensjonistar, og arbeidet som vert utført er kjærkomen dugnad. Alle medhjelparane arbeider gratis, uansett kva oppgåver dei har. Nokon står bak disken og hjelper kundane. Det er dei som er mest synlege. Like viktige er dei som ryddar i innkomne varer og set dei på plass i hyllene. Atter andre står på lageret og fiksar på noko eller held orden på økonomien. Varer skal hentast eller køyrast ut til fornøgde kundar. Naturleg nok trengst det nokon som kan køyre skrot til Svartasmoget også. Kvar dag luktar det nysteikte vaflar og mange besøkjande likar å ta seg ein kopp kaffi. Butikk-personalet får ofte skryt for fin utstilling av varer og reine og ryddige rom.

Me får ein kort prat med to av mange frivillige då dei er på veg til Sagvåg. Det er Sigfrid Skumsnes og Gerd Skumsnes. Dei køyrer frå Skumsnes klokka ti på føremiddagen. Då vert det tid til førefallande arbeid før butikken opnar klokka elleve. I sekstida om kvelden er dei heime att etter ein lang arbeidsdag. Travelheta er litt varierande, avhengig av kor mange som besøkjer Gjenbruksbutikken. Nokon kjem for å gjere ein god handel, medan andre leverer ting som dei ikkje har bruk for lenger. Sigfrid og Gerd har vore med sidan starten i mars 2009, og førstnemnde arbeider fast kvar fredag. Båe to trivest godt på Gjenbruksbutikken. Der treffer dei mange hyggelege folk, både medarbeidarar og kundar. Kundane er mange og slett ikkje berre frå Sunnhordland. Personar frå Austlandet eller til dømes Jæren likar å stikke innom for å sjå og kjøpe ting og tang. Det gjeld spesielt i feriar.

Det høyrest stort ut når ein seier at Gjenbruksbutikken er ein interkommunal arbeidsplass med nærare femti frivillige ikkje berre frå Fitjar, men også Stord og Bømlo. Idéen kom frå ihuga misjonsfolk på Bømlo.

Sigfrid og Gerd har eit stort hjarte for misjonsarbeid, og det er kanskje største grunnen til at dei let seg engasjere når Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) tilbyr arbeidsoppgåver på frivillig basis. Salsinntektene gir NLM høve til auka innsats på ulike måtar innan deira virkefelt.

Butikken er open alle kvardagar året rundt frå klokka 11.00 til 17.00. Einast laurdagar stenger ein litt tidlegare (klokka 15.00).

esteroides