Det nye butikk-prosjektet i Sagvåg har mange interesserte som jobbar gratis.

Mange har nok fått med seg at det snart vert opna ny butikk i Sagvåg. Torsdag 19. mars er sett som opningsdag for gjenbruksbutikk i Elektrogården. 

Ideen til dette tiltaket kjem frå nabokommunen Bømlo. Etter kvart vart det samarbeid med folk frå Stord og Fitjar. Ein av eldsjelene, Asbjørn Gundersen, fortel at det var problem å finne høveleg lokale, inntil dei fekk ja hos eigar av Elektrogården. Der er det 400 kvadratmeter til disposisjon, med mange små og store rom.

Alt arbeid med drift av butikken er tufta på frivillig innsats, altså ingen får løn for arbeidet som vert utført. Det er ein stor flokk av kvinner og menn frå dei tre kommunane som har sagt seg viljuge til faste arbeidsdagar. Frå vår kommune er Aud Vedøy ei av dei som har gått i bresjen. Ho minner om at alle som tek seg ein handletur, kan slappe av med ein god drøs, kaffe og vaflar.

Butikken skal vere open alle kvardagar. Norsk Luthersk Misjonssamband står som eigar, og overskotet går til misjonsarbeid i fleire land.

Alle som har brukande varer av nær sagt alle slag, får no høve til å levere til gjenbrukshandelen.