Politiet vart klokka 20.15 i kveld kontakta av ein person som hadde hatt seg en båttur til Arholmen utanfor Fitjar. Vedkomande var på sjøen i ein liten open båt og hadde gått tom for bensin.

I båten hadde han òg med seg ei eldre dame. På veg inn til Fitjar gjekk dei så tom for drivstoff, men dei klarte å ta seg inn nord på Engesund. – Det var ingen dramatikk, og dei to fekk hjelp av Kystvakten, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.