Arkivfoto: Fitjarposten

Sjølv ikkje ein pandemi hindrar spøkefuglar frå å ha det gøy på den store luredagen 1.april. 9.klassingane ved Rimbareid skule var blant dei som gjekk i fella i dag, og nokre gjekk 5 på spøken frå lærarane.

Lærarane Hanne Almås, Marte Belsvik, Dan Torbjørnsen og Morten Thunestvedt let seg ikkje stengte skular stoppa dei frå å tøya litt med elevane sine. Dei tok like godt årets aprilsnarr over internettverktøyet «Teams» som vert nytta til fjernundervisning i dag.

I ei melding til elevane meldte dei i dag om at dei hadde fått ein viktig beskjed frå rektor:

– Skulen er bedt om å gjennomføra fjernundervisning og i påskeveka, dvs. måndag 5. – onsdag 7. april.

Lærarane skriv vidare at det er Utdanningsdirektoratet (UDIR) som står bak framlegget, og hevdar UDIR ynskjer å oppnå betre læringsresultat på oppsette kompetansemål.

Dobbelt opp med eksamen

Lærarane gjev seg ikkje der, og skriv vidare at det ogso vert vurdert om ein i skuleåret 2020/2021 skal gjennomføra eksamen både til jul og til sommaren.

– Dette for å ivareta kravet til dokumentasjon til vitnemål etter 10.årstrinn. Det kjem meir info om dette i ein pressemelding klokka 12.00 i dag.

Ein elev som har tipsa oss om den morosame spøken til lærarane skriv at det var nokre som gjekk i fella først, men at det raskt gjekk opp for dei kva dato det er i dag.

Litt moro må ein ha det, kanskje spesielt i desse spesielle tider.