Låtten sat framleis i då publikum forlet Kultursalen etter to timar med befriande humor i lag med "Han Innante" og "kamerattane" hans.

Nokre ville kanskje hatt førestillinga kjappare, men her var det gjort plass for både understatement og den gode replikken, ordspel og merkelege ordvridningar. Når dette så vart innramma med totalt sprø kulissar, fengjande musikk i lett country og bluesstil og gode stand-up innslag, var berre å kosa seg i lag med dei mellom 250 og 300 andre som fylte salen, fredag kveld.

Og så det mest utrulege! To timar humor med gode poeng utan ein einaste billeg underbuksevits! Rett og slett befriande! Måtte berre andre underhaldningsartistar òg oppdaga at det går an!

Kommentarane var mest udelt strålande etterpå, sjølv om einskilde meinte at den første førestillinga til "han Innante" var endå betre. Ikkje berre hadde folk låtten i seg framleis, dei måtte dela einskilde episodar med kvarandre endå ein gong, før dei gjekk i bilane.

Det einaste me sakna var trekkspelaren Rita Fotland som diverre ikkje stilte på grunn av sjukdom. Me har høyrt ho før, og den dama kan verkeleg traktera eit trekkspel.