Klasse 9 B ved Rimbareid skule gjekk med vassbøtter rundt i bygda i dag – for å setje fokus på TV-aksjonen, søndag.

– TV-aksjonen til Kirkens Nødhjelp i år har fokus på vatn til menneske i fattige land, og elevane ville på denne måten vere med på å markere dette, fortel lærar Maria Solheim Thorsen til fitjarposten.no.

Oppgåva var å bere bøtter med 10 l vatn lengst mogeleg på ein skuletime. Elevane starta utanfor skulen og gjekk kvar sin veg rundt Vestbøstad. Fitjarposten møtte begge gruppene og fekk knipsa dei.

– Dei elevane som vandra lengst i dag, kom seg opp i 4,3 km med 10 l vatn. Dei syntest det var tung å gå såpass langt med ei bøtte, trass i at dei var fleire som bytte på det. Aksjonen vil fortsetje i morgon med fleire klassar frå ungdomsskulen, opplyser Maria Solheim Thorsen i ettermiddag.

Ingressbilete: Desse elevane gjekk vegen om Kalveid først og tok inn mot Dalen ved Reino. Foto: Håkon C. Hartvedt