-Gisle Levåg skal fungera som ordførar i Fitjar frå 9. mars-19. april.  Ordførar Harald Rydland skal ha farspermisjon i denne perioden, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar kommune.

-Varaordførar Gisle Levåg  (Høgre) kjem altså til å fungera som ordførar i Fitjar i 6 veker framover.  Han tek permisjon frå sitt vanlege arbeid i Sjøtroll Havbruk og vil vera ordførar i 80 % stilling, og kjem til å ha fri ein dag i veka. Dette vert ikkje nokon fast vekedag, men vert lagt opp etter møteaktivitet og anna som følgjer med ordførarvervet.

Det vil verta sett opp vekeplan kvar måndag.  Denne vert tilgjengeleg på ordføraren si side under politikk på heimesida til Fitjar kommune.  Programmet til ordføraren vert og kunngjort kvar dag på siste sida av Bladet Sunnhordland.

Det er ikkje valt ny mellombels varaordførar for denne perioden.  Dersom det skulle inntreffa sjukdom e.l.  som gjer at Gisle Levåg ikkje kan utøva vervet, er Harald Rydland innstilt på å tre inn i vervet att på  kort varsel.  Gisle har så god helse at me er overtydd om at han held seg godt oppegåande heile denne perioden, seier meldinga vidare.