I dag har Gisle Aarbø levert ein solid innsats i landsfinalen i bilcross på Gardermoen, sjølv om han ikkje nådde heilt opp.

Det blei ingen finale for Gisle i dag, men han var så nær C-finalen som det var råd å komma. Førsteplass i den første innleiande omgangen og tredjeplass i andre og tredje omgang gav Gisle like mange poeng som sistemann som kvalifiserte seg for C-finalen. Men marginane var ikkje på Gisle si side denne gongen.

Likevel er det ein svært fornøgd Gisle me har på tråden laurdag kveld. Han blei nummer 28 totalt i årets løp, mot ein 38.-plass i fjor. Når ein attpå til tenkjer på at deltakinga var større i år – heile 114 skarpskodde førarar – er det ingen grunn til å henga med hovudet. Og det gjer ikkje Gisle på nokon måte. Han fortel at bilen fungerte fint, og både han sjølv og hans Ford Sierra kom gjennom dagens løp utan ei einaste (ny) skramme.