Etter ein dramatisk finale enda Gisle Aarbø på femteplass i bilcrossløpet i Bergen i dag.

Han var lenge i flytsonen, Gisle Aarbø, og var blant favorittane i dagens A-finale i bilcross i Åsane. Gårsdagens innleiande rundar enda med to heatsigrar, ein andreplass og ein fjerdeplass. Den siste kvalifiseringsomgangen gjekk søndag føremiddag, med Gisle framleis «på hugget». Han kjørte inn til siger, og alt låg an til ein flott innsats i finalen.

Her kjørte Gisle inn ein femteplass, etter å ha krasja med eit autovern. Så vidt me forstår på pressetalsmann Sigurd André Maraas, har dette sett sitt preg på bilen. Fitjarposten gratulerer Gisle med innsatsen, og vonar å kunna bringa fleire detaljar seinare.