På årsmøtet i fotballgruppa sist torsdag blei Gisle Levåg attvald til leiar, og han får med seg mesteparten av styret vidare.

Av årsmeldinga går det fram at Fitjar-fotballen hadde god aktivitet i sesongen som var. A-laget rykte opp til 4. divisjon, og det har blitt arbeidd godt i dei aldersfastsette klassane.

Valet blei avvikla utan stor dramatikk. Gisle Levåg blei samrøystes attvald til leiar for eitt år. Nye i styret er Roar Pedersen, sekretær, og Gunn Evy Henriksen, varamedlem. Elles held dei andre i styret fram: Kasserar Renate Hellesund, seniorleiar Roald Drønen, ungdomsleiar Odd Magnar Volden, minileiar Anne Helene S. Vestbøstad, styremedlem Birte Steinsland og varamedlem Mona Alfsvåg Traa.

Etter den offisielle delen av årsmøtet blei vinnarane av Scoringsklubben 2013 trekte ut:

1. premie 1000 kr – gåvekort på Rydland: Geir Bjarte Hatlevik, Fitjar
2. premie 1000 kr – gåvekort MX Sport: Tore Huse, Stord
3. premie 1000 kr – gåvekort Fitjar Fjordhotell: Nils Ingard Tislevoll, Fitjar
4. premie 500 kr – gåvekort Rema 1000: Sigurd André Maraas, Fitjar
5. premie 500 kr – gåvekort Spar Fitjar: Theodor Træet, Fitjar
6. premie 500 kr – gåvekort Stord Videokiosk: Vidar Larsen, Fitjar
7. premie 500 kr – gåvekort blomsterbutikken Galleri Flora AS: Kjell Olav Nygård, Fitjar
8. premie 500 kr – gåvekort Fitjar Såpekokeri: Emil Fitjar, Fitjar

Gåvekorta kan hentast hos Renate Hellesund på kontoret hennar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Dei som ikkje er henta innan 26. februar, blir sende i posten.