Lørdag 17. april var ungdommane i Fitjar Racing Team på plass i Vikedal for å debutere i bilcross junior.

Det var ufyselege forhold med kraftig regn i Vikedal, men løpet gjekk som planlagt, og det vart fleire spennande duellar for desse gutane på femten år.

Gisle Årbø og Audun Arthur Mehammer fekk kjørt seg hardt i lørdagens konkurranse, Audun hadde fleire gode startar, og viste lovande takter for framtida, med mye publikumsvennleg
kjøring.

Den som tok det lengste strået på lørdagen var Gisle, som etter to andreplassar og ein tredjeplass i innleiande heat, sikra seg plass i B-finalen, der blei det litt klabb og babb for han, menhan kjørte inn til ein kjempe fin tiandeplass i dagens løp, noe han var veldig glad for. Han sikra seg dermed sin første pokal i løpssammenheng.

Med i depotet hadde gutane mange erfarne gamle førarar til assistentar, så råda var mange og gode denne dagen.

Søndagen var det Jonas Lønning og Audun Arthur Mehammer som skulle til pers. På delvis slaps og glatt føre, kjørte dei inn til henholdsvis 26. og 23. plass.

Kamplysten er stor, og bilane er allereie no søndag kveld på plass i teamgarasjen på Rydland, for å klargjerast til neste løp om omlag ein månad, då også i Vikedal.

Så desse gutane skal me få se mye til i framtida.