Foto: Midtfjellet vindpark

Eigarane av Midtfjellet Vindpark AS tok ifølgje offentleg rekneskap ut eit utbyte eit utbyte på 323 millionar kroner i fjor. Desse opplysningane har gått viralt på nettet, men er ikkje heilt presise.

Det var Sunnhordland som først omtalte det kjempestore utbytet i selskapet som står bak vindmøllene på Fitjar, trass i at rekneskapen viste eit underskot i fjor.

Saka blei også omtalt i Nettavisen, der ho blei den mest delte saka i Norge denne dagen, med nær 40.000 delingar, kommentarar og reaksjonar på Facebook.

Vinklinga om at eit i hovudsak tysk vindkraftseslskap henta ut over 300 millionar på norsk vindkraft, samtidig som det går ein intens debatt om vindkraftutbygging i Norge, skapar naturleg nok mykje sinne.

Men når saka blei teken opp på Stortinget, måtte Erik Mortensen i Midtfjellet Vindpark AS ut og korrigere. Det skriv nettstaden Faktisk.no, som har gått gjennom sanninga rundt påstandane om kjempeutbytet.

– Vanlegvis orkar me ikkje å ta tak i alle feila om oss i media, men då ein stortingsrepresentant skulle stille spørsmål til olje- og energiministeren, måtte me gjera noko, seier Mortensen til nettstaden.

Han forklarar at summen på 323 millionar som er ført opp som utbytet, i hovudsak dreier seg om tilbakebetaling av lån.

– Då me bygde ut tredje og siste fase av Midtfjellet, fekk me tilført rundt 340 millionar kroner i eigenkapital frå eigarane. Når prosjektet var ferdig, og dei 11 vindturbinane var i gang, refinansierte me heile rekneskapen med pengar lånt i Swedban Norge, seier han til Faktisk.

Dette skal ha gjort det mogleg å betale tilbake størstedelen av den tilførte eigenkapitalen til eigarane.

Av dei 323 millionane er difor 308 millionar i realiteten ei tilbakebetaling av lån. Dei resterande 15 millionane er den korrekte summen som eigarane tok ut i utbyte i fjor.

– Tilbakebetalinga av lånet måtte selskapsrettsleg skje i form av utbyte. Grunnen til at det framstår som eit utbyte, er at det på vegen har endra status frå gjeld til eigenkapital, forklarar Mortensen.

Faktisk opplyser at både Sunnhordland og Nettavisen har korrigert opplysningane i dei mykje delte artiklane, men at alternative nettstadar som Resett og Document ikkje har oppdatert artiklane om at opplysningane er misvisande.