Torsdag ettermiddag vart styrehuset til "Veronika" flytta frå akter til fram i baugen på det som snart skal bli eit nytt seismikkskip.

Den gigantiske krana tok det over 400 tonn løftet greitt, sjølv om det var heilt oppe under max av det krana kunne klare. No som styrehuset står framme i baugen, er det klart for å ta til med det vidare arbeidet med skipet. Når det er ferdig skal det vera helikopterhangar bak styrehuset.

På veg mot baugen.


Snart på plass. Alle foto: Håkon C. Hartvedt

- Annonse -