To studentar ved "Institutt for Geovitenskap, Universitetet i Bergen", skal i masteroppgåva si sjå på moglege isbrehendingar ved Botnavatnet i Fitjar.

-Ei blokkrekkje som strekkjer seg ut frå sørsida inst i vatnet, er truleg ein endemorene, avsett av ein såkalla botnbre som har lege i nordskråninga til Klovskardfjellet. Studentane skal i si oppgåve beskrive og tidsfeste denne botnbreen, samt at dei skal sjå etter spor frå andre liknande tilfelle i området.

I samband med dette, skal det gjerast feltarbeid i og ved Botnavatnet, i næraste framtid. For transport av utstyr er det naudsynt å nytta helikopter. Det vil difor bli eit par flygingar til og frå Botnvatnet ved oppstart og slutt av feltarbeidet, fortel Lohne vidare.

Så om turgåarar observerer utstyret deira ved Botnavatnet, veit dei no kva som skjer.

På grunn av vèret er tidspunktet noko usikkert, men feltarbeidet vil truleg gå føre seg i dei komande vekene.