Vår verdsmeister i kokkekunst, Geir Skeie, opnar i november fiskerestaurant på kaikanten i Sandefjord, og både ordføraren i byen, og lokalfolk som kommenterer saka, er begeistra.

Restauranten ligg på brygga i lokala til Brødrene Berggren, «ein av dei mest kjende fiskehandlarane i Noreg», i følgje Sandefjord blad. Geir vil servera sjømat med høg kvalitet, men i eit folkeleg konsept.

-Sandefjord er ikkje akkurat Paris, men historia har synt at små byar kan framstå som spennande matbyar, seier kjendiskokken, Eivind Hellstrøm, i ein kommentar til sb.no.

Les meir her.