Vår kokkeverdsmeister Geir Skeie vert med på Fitjarfestivalen i år òg. Både med bok og kurs.

I fjor deltok Geir i ein svært underhaldande kokkekamp. I år skal han syne korleis ein sløyar fisk – og tilreiar han på ein god måte. Det skjer laurdag i samband med fiskefestivalen.

I tillegg vil Geir Skeie signere den nye boka si «Sausboka». Ei bok han nyleg presenterte på Gladmatfestivalen i Stavanger – og som har fått strålande kritikkar.

TV-kokk-kjendis Ingrid Espelid Hovig lovpriser boka, og har mellom anna sagt følgjande : «Med Geir Skeies sausbok behøver ingen å ringe og be om råd lenger».

Geir vil signere boka både laurdag og søndag.