I samarbeid med GSE Sandvik AS vil Geir Skeie opne restaurant i dei tidlegare lokala til Dolly Dimple’s på Sunnhordlandskaien.

Det kan du lese om i dagens papirutgåve av bladet Sunnhordland, der mediahuset har bretta saka ut over to sider. Av reportasjen går det mellom anna fram at Skeie framleis skal drive restauranten «Brygga 11» i Sandefjord, men sidan han berre har ope om sommaren og i julesesongen der, har han kapasitet til å drive på Stord òg.

– Eg trur dette skal bli veldig kjekt. Det er gøy å få gjere noko der ein kjem i frå, seier Skeie til Sunnhordland.

Han kjem likevel ikkje til å flytte til Fitjar, og er såleis avhengig av «å finne ein person som kan drive, som forstår kva me vil», som han seier det. Meir tid på Stordøya blir det likevel for Fitjar sin meisterkokk.

Svein Sandvik i GSE Sandvik kommenterer at dei er glade for at Geir Skeie har kapasitet og motivasjon til å drive på Stord òg.

Om alt går etter planen, vil restauranten opne i februar/mars 2013.

Av menyen ser me at det vert mange gode fiskerettar. Men rein fiskerestaurant som i Sandefjord vert det ikkje. LIkar du ikkje fisk, kan du kose deg med glasert griseribbe med mange godsaker til.

Les meir i dagens papirutgåve av Sunnhordland.