Vår kokkemeister har funne på ein ny måte å bli kvitt brunsniglane på. Me kan ete dei.

I ein artikkel i Sandefjords blad er Skeie avbilda med frityrsteikte brunsniglar på spidd. – Eg trudde det skulle smake meir beiskt, men dette går det jo fint an å ete, seier Geir til bladet, etter å ha kokkelert med den noe uvanlege ingrediensen iberiasnigel. 

– Det smakte litt som blåskjell, legg han til.

– Den einaste forskjellen på desse sniglane frå dei med hus, er at desse har eit litt tjukkare skinn, forklarer Skeie, som sjølv aldri verken har ete eller laga mat med brunsniglar før.

 – Eg syntest dette var eit morosamt eksperiment, for vi må jo etter kvart begynne å sjå etter alternative matkjelder her i verda.

 Dei er jo ikkje farlege, dei et jo bare planter og gras, seier han.

Skeie er derimot tydeleg på to ting: 

– Skal du lage mat med dei er er det nok ein fordel å bruke dei små og delikate.

Men på menyen hans kjem dei neppe.

Les meir i Sandefjord blad.