Vår etter kvart berømte kokk, Geir Skeie, er i dag å finna både på forsida av  BT og BT-magasinet.

BT har laga ei sak om berømte kokkar frå Vestlandet som vel å etablere seg andre plassar. I denne samanhengen skriv dei om Geir Skeie sitt nyetablissement i Sandefjord, på Brygga 11, rett ved sida av fiskehandlaren Brødrene Berggren, som Geir kallar landets beste fiskehandlar. Såleis er han sikra supre råvarer.

Geir fortel òg at restauranten han skal starta opp i haust ikkje skal vera nokon «snobbeplass», men ein stad der folk kan hyggja seg med god mat utan at det vert for dyrt. Restauranten vil bli ein sesongrestaurant som har ope i julebordssesongen og om sommaren. Då kan han fortsett reise, og ta på seg konsulentoppdrag.

På spørsmål frå BT om restaurantane i Bergen, seier han at ikkje veit om nokon spennande plassar der, og skryt heller over Stavanger som den beste matbyen.

-Kva om ein rik bergensk investor kjem til deg og seier: «Her er lokalet, du kan driva den restauranten du vil. Kva gjer du då?

-Eg ville ha snakka med vedkomande, men eg har jo allereie kapital i ryggen, svarar Geir Skeie, og syner til Sandvik-familien i Fitjar, som skaffa seg sterk kapital ved å selja Vik-Sandvik AS til Wärtsilä, som solide støttespelarar.