Publikum møtte opp i hopetal søndag kveld for å sjå vår lokale filmhelt, Geir Bjarte Hatlevik, spela politimann i filmen På bølgelengde.

Før framsyninga tok til, fortalte regissør Frode Nesbø Nordås litt om filmprosjektet. Han fortalte at det er ein såkalla lavbudsjettfilm, med mange lokale amatørskodespelarar. Han var full av lovord om skodespelararne, og alle andre lokale hjelparar, ikkje minst politiet. Filmen er ein eigenfinansiert film, heilt utan statlege midlar.

Som mellomnamnet Nesbø avslører, har regissøren sterke lokale røter i Fitjar, og filmen har på mange måtar eit sterkt lokalt preg. Den er spelt inn i Austevoll, Stord, Vikedal og Valevåg, og er litt i slekt med filmar som Mongoland og United. Den er ein komedie og byggjer på historier frå Sunnhordland og handlar om kvifor mange i dag vel å venta så lenge med å gifta seg og få barn.

Komplikasjonane rundt giftarmålet til hovudpersonane ville ingen ende ta, men det ville heller ikkje låtten frå ein nesten fullsett kultursal. Knapt to hundre publikummarar hadde funne vegen til kinosalen denne vakre vårkvelden, og sette stor pris på det dei fekk sjå og høyra. Og me kan skriva under på at det var vel verdt turen. Geir Bjarte gjorde seg som politimann, og me gratulerer med flott innsats!