For andre gong er fitjarbuen Geir Bjarte Hatlevik med i ein spelefilm som vert vist på kino. Filmen har tittelen: «På bølgelengde» og kjem til Fitjar 10. april. Regissør Frode Nordås er óg halvt fitjarbu.

For dei som undrar seg på kva me meiner med det, kan me fortelja at mor til Frode er søster til Kjell Nesbø. Nordås har óg svært solid filmutdanning. (Sjå faktaruta)

Geir Bjarte synest det har vore kjempeartig å få vera med. Den første filmen han var med i var «Pakken» som vart laga for rundt 15 år sidan. – Den gongen var det audition og det heile. Slik var det ikkje denne gongen. Mange av dei som var med i «Pakken», er med i «På bølgelende» òg, smiler han og fortel at opptaka vart gjort i Austevoll, på Stord, i Sveio og i Vikedal. I filmen spelar Geir Bjarte politi. Og han skryt av politietaten som var svært hjelpsame med omsyn til utlån av utstyr og anna.

– Av mange filmar som har premiere i vår er «På bølgelengde» laga utan ei krone i statsstøtte, så me har satsa arv og sparepengar på filmen. Dermed vert det spennande å sjå korleis det går. Me distribuerer òg filmen sjølv og satsar på Vestlandet og Nord-Noreg, fortel Frode Nordås, som vidare opplyser om at filmen er litt i slekt med filmar som Mongoland og United. Det er ein feelgood-komedie som byggjer på historier frå Sunnhordland og handlar om kvifor mange i dag vel å venta så lenge med å gifta seg og få barn.

På rollelista utanom Geir Bjarte Hatlevik finn me blant anna Thomas Berg frå Stavanger, Ingrid Tolstad frå Trondheim, Håkon Karoliussen frå Haugesund/Karmøy, Bjørn Moan frå Kabelvåg, Vera Holte frå Harstad, Morten Østerhus frå Stavanger, Brynjar Stautland frå Bømlo, Åge Stokken frå Stord, Sigurd Sele frå Bømlo, Maria Solheim Thorsen frå Kvinnherad, Adrian Særsten frå Stord samt mange fleire lokale skodespelarar.

«På bølgelengde» kjem på kino frå følgande datoar:

7. april Stord kino (Festpremiere)

7. april SF Kino Stavanger/Sandnes (Festpremiere)

8. april Edda kino, Haugesund

8. april Karmøy kino

8. april Bømlo kino

8. april Harstad Kino

8. april Tromsø kino

8. april Alta kino

Og på Bygdekinoen på følgande datoar:

09. april Austevoll

10. april Fitjar

11. april Rennesøy

12. april Skånevik

13. april Ølen

14. april Røldal

15. april Bokn

17. april Langevåg/Bømlo

Traileren til «På Bølgelende» kan du sjå på YouTube.

Meir om «På Bølgelende» finn du på Filmweb.no.

«På bølgelengde» finn du óg på Facebook.