Gjestene frå Austevoll tok med seg alle tre poenga etter å han vist seg både målfarlege og velorganiserte i seriepremieren på Fitjar onsdag ettermiddag.

Austevoll IK kom til Fitjar med ein tropp der rundt halvparten av spelarane har erfaring frå 2. divisjon. Men dette var det ingen som kunne sjå i byrjinga av kampen. Fitjar gjekk optimistisk til verks, og hadde det som var av sjansar. Farlegast var det då Henrik Raunholm kom gjennom på venstresida, og lagameratane hans stod i kø for å setja returen i mål utan å lukkast. Me noterte og eit pent langskot av Helge Træet.

Det var såleis litt mot spelets gang at det var gjestene frå Austevoll som skulle scora først. Men det er lov å vera godt organisert og utnytta motstandaren sine svake sider. AIK fekk god plass på midtbanen til å slå ein fin ball inn i feltet til ein umarkert Kurt Hovland. AIK-veteranen takka og bukka for den gode plassen Fitjar-forsvaret gav han, og plasserte ballen tett inne ved stolperota frå 8-10 meters hald.

Ein real kalddusj for heimelaget som hadde hatt brorparten av spelet så langt. Dessverre førte det ikkje til skjerping; tvert imot gav dei altfor mykje rom på midtbanen. Ein lettbeint Kristoffer Østervold sprang frå Fitjar-forsvaret og sette ballen enkelt til side for keeper Oddgeir Træet. Ei altfor enkel scoring etter at heimelaget miste ballen i mitbaneleddet.

Få minutt seinare var same mann på ferde igjen, etter at Fitjar-midtbanen ikkje var med tilbake. Dermed fekk midtstoppar Nils Ingard Tislevoll ein håplaus jobb, og hekta Kristoffer Østervold bakfrå. Innanfor 16-meteren, og dermed måtte det bli både gult kort og straffespark. Lagkaptein Inge André Rabben sette ballen sikkert i mål, sjølv om keeper Oddgeir Træet gjekk til rett side.

I byrjinga av andre omgang fekk heimelaget nytt håp då debutant Badi Hurashi reduserte til 1-3. Rett etterpå måtte den iltre AIK-kapteinen Inge André Rabben gå ut med skade. Gjestelaget miste litt av formasjonen, og Fitjar kom til fleire sjansar. Spesielt ved Thomas V. Waage, som kom inn i angrepet til heimelaget. Og etter ein halvtimes spel kunne Øyvind Fykse Lie redusera til 2-3 på eit velplassert frispark frå vel 20 meter.

Eit sommaryrt heimepublikum augna no sjansen til poeng likevel, men innbytar Frode Storebø drap vona i sluttminutta. Han var høgast i Fitjar-feltet på ein corner, og ballen gjekk i ein boge over Oddgeir Træet og i mål. Verken Fitjar-keeperen eller forsvaret hans var heilt nøgde med seg sjølve ved det høvet.

Fitjar-spelarane kan nok føla seg snytte over at dei måtte gå poenglause av banen i serieopninga. Men det er lov å vera godt organisert og vera farleg framfor mål. Det var austevollingane denne gongen, og me sit med ei kjensle av at dei har større tempo inne. Det vil nok gi dei mange poeng i årets serie.

Fitjar må bli meir kyniske defensivt, og orka vera med bakover kvar gong, ikkje berre nesten. Med storscorar Thomas V. Waage tilbake i topptrim bør det etter kvart bli poeng.