Fitjar Kraftlag har atter ein gong fordelt ein stor pengesum til lag og organisasjonar.

Speilsalen, eit av dei romma som er mest brukt i Idrett- og kulturhuset, var arena for utdeling av sponsormidlar dette året. Ole Bergesen fortalde litt om istandsetjing av rommet i 2. etasje, ved hjelp Fitjar musikklag, teaterlag og skulekorps , og han takka Fitjar Kraftlag for god pengestøtte .

Fitjar Kraftlag sin styreleiar Johannes Koløen og økonomileiar Therese Nysæther delte ut gåvebrev til 20 lag og organisasjonar som hadde søkt om støttemidlar. I følgje vedtektene til Kraftlaget kan det gjevast 10 prosent av netto årsresultat til allmenn-nyttige føremål, og det er barn og unge og eldre som vert prioriterte. Koløen fortalde om meir enn femti innkomne søknader, men alle kunne ikkje stettast, sjølv om samla gåvesum var stor, 526.00 kroner. Det vart føya til at Kraftlaget har ein liten reserve til utdeling i ettertid dersom eit stort behov melder seg.

Det er over 20 år sidan Fitjar Kraftlag begynte å dele ut pengegåver til lag og organisasjonar. Dei ti siste åra har det vore ein årleg sum på cirka 500 000 kroner, seier Johannes Koløen.

Glade mottakarar takka for pengestøtta og gjekk nøgde heim etter ei kort, men triveleg samkome, der det og vart servert kaffi, kake og frukt.

Desse fekk økonomisk stønad dette året:

Fitjar Musikklag 10 000 (Terje Vestvik), Fitjar Skulekorps 40 000 (Kari Prestbø) , Fitjar Seniorsenter 50 000, årskullet 1998 ved Rimbareid skule 56 000 (til Polen-tur)(Ole Bergesen), Fitjar Idrettslag  175 000 (Simen Aarskog), FAU Øvrebygda skule 10 000 (Siv M Helland), FAU Sælevik skule 10 000 (Ann Siri Knapstad), Laurdagstreff Dåfjorden 5000 (Gunn K Auestad), Babysong og småbarnstreff 5000 ( Astrid K Prestbø), Fitjar Racingteam   15 000 (Gisle Aarbø), Tysdagsklubben Øvrebygda 5000, Stord Fitjar Demensforening 5000 (Kjell Nesbø), Fitjar Frivilligsentral 10 000 (Geirmund Aga), Temagruppa Fitjar Sokneråd 5000 (Eli Simonsen) , KRIK 30 000, Fitjar Skyttarlag 25 000 (Gisle Vik), Lokallag for Norsk Forbund Utviklingshemma 10 000 (Ronald Hareide), Øvrebygda 4 H 5000 (Ida M Havn), Fitjar Karatesenter 5000 (Bjarte Maraas) og Fitjar Musikklag, teaterlag og skulekorps 50 000 (Terje Vestvik).

I parentes står namn på den som tok i mot gåva.