Fleire lag og organisasjonar vart i dag tilgodesett med midlar frå Sparebanken Vest. F.v. framme: Toralv Røen (Dåfjorden Vel), Håkon Rydland Sæbø (Grunneigarlaget Storavatnet), Charlotte Levåg (Årskog barnehage), Liv Mari Lønning (Fitjar Racingteam). Bak: f.v Ellinor Bergesen (Fitjar Frivilligsentral), Sigurd Andre Maraas (Fitjarfestivalen), Ole Bergesen (FIL), Simen Aarskog (FIL), Ingebjørg Seim (Fitjar seniorsenter), Bjørn Tore Tislevoll (Lio – Bustebråtet Velforeining) og avd. banksjef Ingrid Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det har etter kvart blitt ein tradisjon at banken deler ut noko av overskotet sitt til allmennyttige føremål.

– Me kallar det VI-midlar, sa banksjef Arve Havnerås under utdelinga i Sparebanken Vest sine lokale på Fitjar i ettermiddag, og fortsette:

– Visjonen vår er å gjere Vestlandet til ein kjekk plass å bu på, og då treng me òg eit godt organisasjonsliv. Så ønskjer me òg med dette å gje litt tilbake for timane de legg ned i frivillig arbeid for bygda.

Dei som fekk pengegåve frå banken i dag var:

Årskog barnehage                   kr  10.000,-
Grunneigarlag Storavatnet      kr   20 000,-
Lio Bustebråtet velforeining     kr  10 000,-
Dåfjorden Vel                           kr  10 000,-
Fitjar Racingteam                    kr   10 000,-
Fitjar Seniorsenter                   kr   10 000,-
Engesund Visningssenter        kr   14 000,-
Fitjar Idrettslag                         kr   30 000,- (til hjartestartar)
Fitjar Idrettslag                         kr   30 000,- (til tidtakarbu)
Fitjarfestivalen                          kr   20.000,-