I dag har over 100 elevar i ungdomsskulen på Rimbareid vore med på årets Operasjon Dagsverk.

Tradisjonen tru var ungdomsskulen også i år med på OD-dagen. Rundt 110 elevar frå 8. og 9. klasse var blant dei 120 000 norske skueelevane som i dag gav ein dag av si utdanning for at ungdom i utviklingsland også skal få seg ei utdanning. I år går midlane til utdanningsstøtte for ungom i Nepal, først og fremst dei kastelause, som er dei mest undertrykte av alle.

Inspektør Bjørn Haaland ved Rimbareid skule fortel at dei fleste elevane har ordna seg jobb sjølve, anten hos lokale bedrifter eller heime. Vonleg er det mange foreldre som har komme heim til ferdig middag og nyvaska golv i dag! Minsteprisen for eit dagsverk er 300 kroner for elevar frå ungdomsskulen og 400 kroner for elevar frå vidaregåande skule.

Du kan lesa meir om Operasjon Dagsverk på nettstaden www.od.no.