Tvillingane Helene og Nelly Børtveit selde kaffi og vaflar; her er det Ingrid Devik som handlar med dei. Foto: Kj.etil Rydland.

I dag var 8.-klassingane ute i arbeidslivet og tente i dagløn som dei gav vidare til gode formål.

Ungdomsskuleelevane i Fitjar har lang tradisjon for å vera med på Operasjon Dagsverk, som blir arrangert kvar haust. OD er den største solidaritetsaksjonen i Noreg som blir arrangert med, for og av norsk ungdom.

Denne dagen kan dei elevane som har lyst å delta, jobba ein dag i staden for å gå på skulen. Dei gir så løna for dagsarbeidet til eit utviklingsprosjekt som støttar ungdom i andre delar av verda.

OD 2018 har valt å støtta palestinsk ungdom sin innsats for ei betre framtid. På heimesida til OD grunngir dei valet sitt slik:

«Ungdom i Palestina betaler prisen for en konflikt de ikke var med på å starte, og er lei av å høre at det ikke finnes noen løsning. Man trenger ikke å velge side for å være enige om at alle ungdommer fortjener sine grunnleggende menneskerettigheter innfridd, uansett hvor de kommer fra. Gjennom OD 2018 kan elever ved norske skoler lære mer om konflikten, og bidra til at 10 000 ungdommer kan ta kontroll over sin egen framtid og være med å skape fred.»

Meir informasjon finn de på OD si heimeside: http://www.od.no/

Dette formålet har vist seg kontroversielt, også i Fitjar. Derfor har enkelte elevar valt å gi dagløna si til Kirkens Bymisjon, årets TV-aksjon. Men dei fleste har gitt bidraget sitt til palestinsk ungdom.

Som vanleg tok Varehuset Larsen inn ein flokk på ti kjekke ungdommar på dette kortvarige engasjementet. Odd Sverre Larsen seier seg godt fornøgd med innsatsen dei gjorde hos han. Inne i Spar-butikken jobba fire ungdommar, medan fire andre hadde varierte oppgåver på Larsen Multihandel ved sida av.

- Annonse -

I passasjen imellom hadde tvillingane Helene og Nelly Børtveit installert seg med vaffeljern og kaffimaskin. Og rett mange gjekk etter lukta og fekk seg fekk seg ein kaffikopp og ein god prat med vaflar og kakestykke. Eit kjekt tiltak i ein går kvardag. Godt jobba!

Andrea Brakedal og Thea Bårholm på Larsen Multihandel. Foto: Kjetil Rydland.
Elias Alsaker og Petter Bjørsvik Hoff jobba på lageret til Larsen. Foto: Kjetil Rydland.