Trass i kjølege dagar og endå til litt frost nokre netter har bjørkelauvet sprotte mange stader. Løvetannen med sitt bustehue som Alf Prøysen song om er på plass i grøftekanten, og i lia har me alt høyrt gauken.

I kveldinga fredag 30. april var eg ute og arbeidde i hagen. Stillheten rundt meg vart broten av ko-ko, ko-ko, ko-ko. Er det verkeleg gauken, tenkte eg. Ja, det var ikkje tvil, gauken gol fleire gonger. I ei bok om merkedagar og gamle skikkar står det: «Hørte man Gjøken i Syd, da fik man i samme Aar Lykke til at nedsaae Kornet i tørt Veir, og høste meget». Det lovar godt for den som tenkjer å så korn i vår, for lyden av gauken kom tydeleg frå sør. Men i same boka kan ein lese om dystre utsikter for den som høyrer gauken i nord. Når ko-ko lyder frå vest, tyder det at alt går etter ønskje, og «hørte man den i Øst, fik man Lykke i Giftermaal».

I norrøn tid vart perioden frå midten av april til midten av mai kalla gaukemånaden. Det er vel difor 1. mai vert nemnt som gaukemesse. Fleire stader i landet vert gaukemesse tidfesta til seinare datoar i mai.

Frå gammalt av sa dei alltid at når gauken har gale, då er lubbesilda klar til eting (i spekje seier dei vel her). Ta ein smak med kalde poteter til. Det skal visst vera uendeleg godt.

stéroïde anabolisant