Eitt av dei fem egga i lerkereiret er litt ulikt dei andre, kan det vera eit gaukeegg? Foto: FP-lesar.

I Midtfjellet har ein av lesarane våre funne eit fuglereier som ser ut til å tilhøyra heipiplerka, og eitt av dei fem egga er ulikt dei andre, og kan vera eit gaukeegg.

Som kjent gjel gauken av full hals i fjellet i desse dagar, og etter kvart som hoene har para seg, må dei dei sjå etter høvelege reir å leggja egga sine i. Den mest vanlege vertsfuglen er heipiplerka, som er den vanlegaste fuglen i Fitjarfjellet.

I dag kom ein av lesarane over eit reir i Midtfjellet som han meiner kan vera eit heipiplerkereir. Det eine av dei fem egga ser ut til å vera litt større og ha ein litt annan farge enn dei fire andre egga. Derfor lurer han på om det kan vera eit gaukeegg.

Me vågar ikkje å slå dette fast heilt sikkert, men me veit at gauken kan vera ekspert på å leggja egg som liknar på fostermor sine.

Vår mann vil følgja med på utviklinga i reiret, om få dagar vil me kanskje få sjå bilete av ein gaukunge. Som kjent er rugetida for gaukungar berre tolv dagar.