Det var litt kaldt og glatt, men det vart ei fin treningsøkt for dei 8 løparane som stilte til start i det første gateløpet frå stadion i går kveld.

Seks postar var lagt ut, og den 3,8 km lange løypa vart gjennomgått i fellesskap før start. Kartet var òg lagt ut på facebook-sida til idrettslaget på førehand, slik at ein kunne studere traséen før ein stilte til start. Det er heilt enkel orientering på gater og vegar i Fitjar, og o-gruppa legg opp til ny løype anna kvar onsdag utover vinteren i samarbeid med friidrettsgruppa. Alle får utdelt kart og ei elektronisk brikke for å ta tida mellom dei ulike postane, og lengda på løypene vil liggje mellom 3 og 5 km.

Neste løp blir 19. desember, med ei ny løype og kanskje enda fleire deltakarar.

Her er resultatlista (3,8 km):
Bård Inge Bø, 16,13
Tom Rydland, 19,18
Rolf-Atle Rolfsnes, 19,18
Olav Oma, 20,38
Øyvind Skålevik, 22,12
Kari Rydland, 23,04
Anders Sætre, 23,08
Sigmund Sætre, 23,45