-Det strikkast mykje i Fitjar. I alle fall er det svært godt sal på garn for tida, fortel Marit Hjelmen i Husflidskroa. Det er òg bra oppgang i den vesle husflidbutikken i "Sjøstrand-bygget". -Det begynte noko tamt, men no har det teke seg opp, smiler Hjelmen, som etter å ha vore dagmamma i mange, mange år, no ville prøva noko nytt. I tillegg til garn sel ho mellom anna husflid i tre, produkt av Alma Kjærland og Fitjarsølvet til Jørund Fjøsne – samt hobbyting og broderi. Treng du hjelp til å få sydd deg ein fitjarbunad eller sunnhordlandsbunad, kan Marit Hjelmen ta på seg det òg.