Fitjar vidaregåande. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Rektor ved Fitjar vidaregåande, Leif Helge Engelsen, melder at frå onsdag 17.mars vert det raudt smittevernsnivå på Fitjar vidaregåande.

– Fitjar kommune har innført raudt smittevernnivå på Fitjar vidaregåande skule frå onsdag 17.mars. Det betyr i første omgang at det vert digital heimeskule for alle elevane på onsdag og torsdag, melder Engelsen.

Han fortel at ein vil følgja vanleg timeplan, og at meir informasjon kjem fortløpande.

– Elevane som er i praksis må ta hurtigtest, og får gå tilbake i praksis ved negativt svar.

Opp til fylket

Utdanningsdirektoratet skriv på sine sider at det overordna målet med raudt nivå er at elevar og tilsette har avgrensa tal kontaktar. Raudt nivå tyder ikkje automatisk heimeskule. Elevane kan vera fysisk på skulen til dømes ved at klassane møter alternerande dagar. Denne løysinga har Fitjar vidaregåande nytta mykje tidlegare under pandemien.

– Me har både teste heildigital skule og alternerande dagar. Kva løysing me no kjem til å nytta er opp til fylkeskommunen. Det er dei som er skuleeigar og bestemmer kva løysing me skal nytta. Me vil koma med meir informasjon so snart me har fått retningslinjer i frå dei, fortel Engelsen til Fitjarposten.

To elevar har testa positivt

På laurdag vart det meldt at ein elev ved Fitjar vgs hadde testa positivt for covid-19. Engelsen kan no stadfesta at det er to elevar ved skulen som har testa positivt.

– Alle nærkontaktar er i karantene, og har fått beskjed om å testa seg. Det er snakk om 10 tilsette og 51 elevar. Me ventar framleis på ein del testsvar frå desse, fortel Engelsen.