Om du ønskjer å sjå «Sommarbåten» M/S «Sjøkurs» på veg til Stord i morgon, nyttar det ikkje å stå å sjå utover Langenuen. Båten går Nyleio. Foto: Sindre Skrede, NRK

 – Me kjem gjennom Nyleia og Stokksundet. Så går me under Bømlabrua og vidare sørover. Før me seglar inn i Leirvik hamn, tar me ein sving bortom Hidle og Huglahammaren, fortel programsjef i NRK Hordaland, Rune Møklebost til sunnhordland.no.

Sommarbåten forlèt Bekkjarvik kl. 11.15 fredag føremiddag. – Me har mange kamera rundtom på båten som fangar opp det meste. Så her er det opp til folk å vera kreative og gjera noko ut av seglturen til Leirvik, legg Møklebost til.

Han fortel også at det kan vera greitt å merka seg at «gromkamera», det som fangar opp ting som er langt unna, ligg på styrbord side av båten.

Frå klokka 11.15-14.00 vil det bli vist direkte frå turen frå Bekkjarvik til Leirvik på NRK1.

Klokka 19.30 på kvelden, to timar før direktesendinga startar på Leirvik, vil det bli eit halvtimes oppsummeringsprogram på NRK1, som viser det beste frå innseglinga tidlegare på dagen.

Les meir på sunnhordland.no.