Det skal no verta sutalaust å gå av ferja i Sandvikvåg, skriv ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.

Ordføraren skriv vidare: «Som de nok hugsar, har eg tidlegare teke opp problema med ferjekaien i Sandvikvåg, og mange har spurt om det kjem noko meir ut av saka. No har Fjord 1 og Statens vegvesen hatt møte for å finna løysingar som kan sikra tryggleiken for dei gåande frå ferja. Det var visst ikkje eit månelandingsprosjekt som skulle til likevel.

Etter å hatt samtalar med avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen har eg fått greie på at ferjene skal snuast, slik at folk kan gå trygt i land både i Sandvikvåg og på Halhjem.»

Dette vert og stadfesta i referatet ordføraren har motteke og han forklarer vidare:  «Når det gjeld forholda for dei gåande, står det i referatet at dei tiltaka som skal til må gjennomførast snarast. Dette går ut på å snu ferjene og å gjera nokre små endringar på rekkverk, fortau m.m. på ferjekaiane. Sjølv om det ikkje er sett noko dato, forventar eg at tiltaka er på plass med det første.

Det er svært mange av dei reisande som har vore fortvila over at denne saka ikkje har vorte løyst tidlegare. No ligg alt til rette for at me skal få gå sutalaust i land frå ferja».

Gåande ferjepassasjerar og andre kan no gle seg saman med ordføraren over at det endeleg er bestemt kva som skal gjerast, og håpa at tidsfristen på «so snart som mogleg» ikkje drar ut før dei nye trafikksikringstiltaka er på plass.