På sin veg mot Stavanger er BT sin musikkmeldar, Einar «Engelen» Engelstad, komen til Fitjar. Framleis går det bra med beina.

– Då eg vart spurd om å kome på konsert med «Mods» på Viking stadion i Stavanger, sa eg at om dei fekk 10 000 selde bilettar, ville eg bøye meg i støvet. Selde dei 20 000 skulle eg gå til Stavanger og skrive om konserten. Så skjedde det at alle dei 25.000 billettane som vart lagt ut for sal fauk ut på kort tid, flirer Engelstad.

Konserten er på laurdag, og Engelstad er på veg til fots. Me møtte han tidlegare i dag ved det nye krysset opp til Idrettsparken. Han var då på veg inn til sentrum. Her skulle han ha ein stopp med middag på Fitjar fjordhotell før han tok på fatt på det siste stykket mot Sagvåg, som er målet for dagen.

Etter å ha overnatta hos journalistkollega Truls Horvei vert han i morgon mellom anna køyrt gjennom Bømlafjordtunnelen (får sjølvsagt ikkje gå der) før han igjen tek beina fatt for å nå fram til konserten i tide.

– Korleis har det gått så langt?

– Når eg først skulle finne på å gjere noko så dumt, må eg seie at det har gått veldig bra. Beina er framleis gode, og folk helsar, fløytar, stoppar og slår av ein prat. I tillegg er det sjølvsagt kjekt at denne jippoen fører til pengar i kassa til Kreftforeningen, seier «Engelen» til slutt.