For om lag eit år sidan snakka Jarle Hevrøy og Toralv Røen i seniorgruppa i Stord-Fitjar turlag om ein gapahuk ved turvegen like nord for Rydlandssago. Det vart ikkje berre med snakk.

I dag vart den vakkert snekra gapahuken, etter idé frå tilsvarande i byfjella i Bergen, offisielt opna av fitjarordførar Wenche Tislevoll.

Til å finansiera det heile har turlaget fått 30 000 kroner frå Hordaland fylkeskommune og 25 000 kroner frå Bergen Turlag.

Røen og Hevrøy fortalde vidare om stor velvilje frå Friluftsrådet Vest, Fitjar kommune og grunneigar Lars Rydland, som kvar for seg har lagt til rette for at planane har kunne gjennomførast fort og greitt.

– Vårt bidrag er så langt 800 dugnadstimar, fortel Toralv Røen til fitjarposten.no. I tillegg til Røen har Jarle Hevrøy, Jonas Eldøy, Kjell Aasheim, Per Lunde, Jakob Eldøy, Arne Vatten og Hans Chr. Junge vore med på dugnaden.

Ikkje berre har dei snekra opp den flotte gapahuken, etter at veggene har vore tørka i fem månader. Dei har òg gjort eit storarbeid med å drenere plassen der gapahuken står. Flott singel er òg komen på plass.

Ordførar Wenche Tislevoll skrytte både over dei og den flotte gapahuken. – Eg trur det er den flottaste eg har sett, sa ho etter at ho hadde klypt over ei tommelfinger-tjukk grein i staden for det tradisjonelle raude bandet. Etterpå delte ho ut tursjokolade til alle frammøtte.

Om lag 30 turlagsfolk hadde møtt fram, og leia av Arne Vatten tok dei, etter opninga, turen innover Sætradalen til Tausatjødno, der dei hadde matpause, før dei la ruta om Svalevatnet og Fuglatjødno tilbake til Rydlandssago.

– Me hadde eigentleg tenkt ein lengre tur, men på grunn av store elvar etter mykje regn, måtte me leggja om, sa Vatten til fitjarposten.no.