Går ein tur frå Vistvik til fjells møter ein ofte på fleire raske menn som har joggesko på der dei spring med lette steg oppover skogsstien. Ein av desse er Olav Øvrebø som har nytta sommarmånadane på å laga gapahuk og rydda sti på sine daglege joggeturar.

Den pensjonerte siviløkonomen bur i Bergen, men har hytte på Raunholm i lag med kona. Her brukar dei tid på Fitjar mange feriedagar i året. Øvrebø fortel at det har vore ein felles idé å få til ein gapahuk i området ved Svartavatnet, men det vart først i juni då material vart transportert med helikopter at ideen vart sett ut i livet. Sunnhordland Kraftlag sørgde for gratis helikoptertransport av material til gapahuken i samband med linjebygginga, og materialane er henta lokalt.

Utsikt mot vatn eller møller
Mosjonisten, som han kallar seg sjølv, har for det meste arbeidd åleine med prosjektet, men han har fått hjelp ein dag av kameratar då bygget vart reist. Gapahuken ligg ved Kvednavatnet med utsikt både over vatnet og mot komande vindmøller.

Her står han til allmenn nytte og glede, ein stad der ein kan kvila og til le for vinden. – Her kan ein ta seg ei kvild på benken å velja om ein vil ha utsikt mot vatnet eller møllene, seier Øvrebø. Han fortel at det står ein del arbeid att med gapahuken som til dømes ein vegg mot vinden, beising og eit skilt som skal pryda huken med ”Kvednavatnet 361 m.o.h”.

Øvrebø fortel at han har starta arbeidet med rydding av sti og bygging av gapahuk fordi han synest det er triveleg å gjera slikt arbeidd og som han seier det, av egoistiske grunner. Han meiner det berre er bonus om andre óg kan ha glede av arbeidet hans.

Treningssenter
Han hevdar timane ute i det fri er som eit gratis treningssenter der han får trena både kondisjon og styrke, men han innrømmer at han til tider er ein einsam ulv ute på stiane, sjølv om det kjem folk forbi og gjev tilbakemelding på arbeidet hans der han står med sag, hammar og spett.

– Somme har vore forundra over kva eg har bala med, humrar den spreke pensjonisten. Den blide mannen med joggeskoa gjer livet til turgåarane og joggeentusiastane enklare der han ryddar stiane for lyng, brake og stein. I vinterhalvåret finn ein Øvrebø med raske steg mot Lyderhorn, her ryddar han og sti og har fått ein sti oppkalla etter seg: St. Olavsstien.