Gamlebasaren i Øvrebygda samla mykje folk på ein vakker novemberkveld.

Både unge og gamle fann vegen til bedehuset. Namnet gamlebasar kjem av at det er den ”gamle” foreningen til NMS  ( Det norske misjonsselskap) i Øvrebygda som arrangerer basaren. Dette er ein årleg tradisjon.

Edel Sørvik heldt andakt og fortalte frå ein tur til Japan.

Endre Hovstad var som alltid ein festleg auksjonarius som fekk  prisane i veret både på tørrfisk, lubber og lefser.
Han får oss verkeleg til å skjøna kva me ikkje kan klara oss utan…

Og Ellen Karoline Hovstad styrte det heile med god hjelp frå både små og store medarbeidarar .

Det var ein flott basar!  Me kjem heilt sikkert attende til neste år.

PS.

Misjonen får inn pengar på basarar og gåver mm.Til og med vert det pengar av gamle lysestumpar ( stearinlys), som vert støypte om til dei flottaste lys. ( Desse vart og seld på basaren).Ellen Karoline tek imot gamle stearinlys, som ho sendar vidare til Edel Sørvik.

Edel får desse sendt til dei som lagar nye lys. Så no slepp du å kasta gamle smårestar av stearinlys. Ellen Karoline tek gjerne imot dei.