60 år fekk han stå, den gamle barneskulen på Rimbareid. I dag byrja rivinga. 

Det var kl 14.00 i dag at Bjørn Leon Vestbøstad frå Engevik & Tislevoll AS sette grabben i trebygningane, og etter rundt 30 minuttar var det heile flata ut. Murbygningane står for tur seinare.

At Engevik & Tislevoll står for rivinga, og at dei òg har med bygginga av nyeskulen å gjere, er det fin symbolikk i. Rimbareid barneskule som stod ferdig i 1954 var det første bygget Torvald Engevik og Knut Tislevoll stod saman om.

I bruk i 1955

Om gamleskulen vart bygd ferdig i 1954, fekk ikkje elevane ta han i bruk før i januar i 1955, og 20. november 1955 vart han vigsla.

Om dette skreiv Bladet Sunnhordland:

«Fitjar i fest for Rimbareid nye skule

Mest heile bygdi – i alle fall heile krinsen, saman med ei rekkje innbedne gjester var samla då Fitjar, sundag middag, vigsla Rimbareid nye skule. (…) 350 menneske var samla i gymsalen (…) Formannen i byggenemdi Stubhaug stod for overleveringi av huset, han fortalde den lange soga, nær sagt lidingssoga for å nå målet, og takka òg fylkesforsyningssjefen for god hjelp. (…). Han takka òg entreprenørane W. Engelsen Eftf. som har hatt grunn- og betongsarbeid, Engevik & Tislevoll for tømmerarbeid, J. Berntsen, varme og sanitæranlegg, Botnen og Myksvoll for mur, brørne Bjørkhaug for målararbeid, Isak Koløen for snekker og glasarbeid, Knut Rydland for elektrisk installasjon, M. Skålevik og P. Wichmann for smedarbeid og A. Bergesen for blekkmakararbeidet. Ordførar Henriksen tok imot på vegne av Fitjar kommune, og opplyste at bygget kosta til no 609 000 kroner, medan kostnadsoverslaget lydde på 615 000 kroner.»