Bergensaren i oss tok nesten av då me såg dei flotte bilane på Tinghusplassen i dag. Ei flott markering med mykje folk til stades.

Det dårlege vêret på morgonkvisten hindra heller ikkje folk frå å trekkje til sentrum då bilane frå Hansa Rally 2010, eller Fjord og Ferge-rally som det òg vert kalla, kom i kortesje inn mot Tinghusplassen. Det var fleire enn meg som gjorde store auge då me såg bilane: Det eine vidunderet flottare enn det andre. Var det nokre som sa at dei ikkje kunne designa bilar i gamle dagar?

Den aller eldste bilen, ein fiat frå 1906 kom ikkje. Den edste bilen som kom var ein SPA frå 1914. Men uansett: Her var det så utruleg mange spennande bilar at me trur at folk gløymde at den gamle fiat-en ikkje kom.

Elles var det opplesing av Harald Johan Sandvik og tale av ordførar Harald Rydland og fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg. Sistnemnde gratulerte Fitjar både med 150 års jubileet og vegjubileet, og sidan det i Hansa Rally var fleire tyskarar til stades, hadde dei begge tolk.

Leiar i Norsk Veteranvognklubb, Trygve Krogsæter, hadde òg ordet, og oppnemde alle som tek vare for gamle bilar til kulturarbeidarar, til stor glede for Erlend Helland, og andre lokale bilentusiastar. Vidare fortalde Krogsæter at Hansaløpet har vore arrangert i åtte år, og at har dei veksla mellom å vera i Lübeck og Bergen. Men i år får altså fleire stadar vitjing av denne heilt eksklusive kortesjen der dei fleste av bilane er over 80 år gamle.

-Mellom bilane de ser her finn de ein SPA frå 1914 med ein motor på 6-7 liter. Ein retteleg luksusbil., sa Krogsæter. Stor merksemnd fekk òg den gode, gamle T-Ford-en.

Alt i alt eit svært spennande og artig innslag på ein regnvêrslaurdag i juni.