Foto til venstre Øyvind Hjelmen, "Rettnok". Potrett til høgre: Helén Petersen.

Laurdag 6.april opnar den nye utstillinga «Lys og skugge» i Galleri Losjen. Utstilling syner fotografi teken av Øyvind Hjelmen.

– Øyvind Hjelmen sine bilete har ofte eit snev av melankoli ved seg. Dei handlar om det å vera menneskje, om barndom, ungdom og vaksen-liv, og om korleis tidlegare opplevingar påverkar den vi er no. Dei handlar ikkje om å forstå, men om å oppleva – og kanskje kjenna att noko i sitt eige liv, heiter det i ei pressemelding.

Fotografia som vert stilt ut kjem frå eit samarbeid mellom Hjelmen og Per Jan Ingebrigtsen, som i 2018 resulterte i boka Lys og skugge. Boka inneheld fotografi frå Hjelmen og dikt frå Ingebrigtsen. Saman fortel dikta og fotografia historier. Til opninga i Galleri Losjen kjem Per Jan Ingebrigtsen og les dikt frå boka.

Øyvind Hjelmen bur og jobbar på Stord. Han har ein Bachelorgrad med fordjuping i moderne kunst og estetikk frå universitetet i Bergen. Han har jobba med fotografi i meir enn 25 år, og har stilt ut verka sine i 14 land.

Hjelmen har gjeve ut 4 bøker, og underviser elles mykje i fotografi ved alt frå barneskular til universitet, i både inn- og utland.

Bileta hans er kjøpt inn til private og offentlege samlingar både i Noreg og i utlandet, til dømes Museum of Fine Arts i Houston, USA, og Centro Internationale di Fotografia Scavi Scaligeri, i Verona, Italia.

Ved opninga av utstillinga vert det musikalsk innslag ved Jarle Langeland, og lett servering. Utstillinga vert hengane ut april.

- Annonse -