Lise Katrine Grimen og Kine Skarpnes spanderer kake på kundane i dag. Foto: Malvin Aarskog.

I dag er det fem år sidan Lise Katrine Grimen starta opp Galleri Flora Fitjar, og dagen vert feira med kake og jubileumstilbod.

Lise Katrine starta opp i butikken sin i Larsen-bygget for fem år sidan i dag, og 1. februar flytta ho bort i bankbygget, der ho er i dag.

Jubileumstilbod og kake til kundane på Galleri Flora. Foto: Kjetil Rydland.

Galleri Flora har mellom to og tre arbeidsplassar. Kristine («Kine») Skarpnes har vore med nesten heile vegen; ho begynte rundt juletider i 2013. June Markussen er fast ekstrahjelp, og i tillegg er Ellen Helland med innimellom når det trengst.

Hjelp om ettermiddagen har blitt heilt nødvendig dei siste månadene, etter som Lise Katrine må ut og levera blomar. Ho har nemleg hatt all Interflora-leveranse på Stordøya sidan mars i år.

I dag feirar Galleri Flora femårsdagen med kake til kundane og jubileumstilbod som varer fram til helga.

Me gratulerer med dagen!

Kine Skarpnes med kundar som kom frå Larvik, om ikkje eins ærend, for å kjøpa blomar. Bjarne og Berit Hollekim Lekven. Foto: Kjetil Rydland.

 

- Annonse -