Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Rema 1000 kjem med forholdsreglar for å unngå koronasmitte i sine butikkar.

– Me er alle i ein krevjande situasjon. Vårt samfunnsansvar på Rema er no å bidra til at det norske folk får handla mat og drikka, skriv Rema 1000 Fitjar på si facebook-side.

Dei ber folk om å handla som normalt, slik at det vert varer til alle.

– Enkelte varer er utselt frå leverandør, men alle jobbar på spreng for at desse skal koma kjappast mogleg i butikk igjen. Så ver venleg og ikkje hamstra, kjøp berre det du treng, skriv kjøpmann Jan Stian Taule.

Jan Stian Taule. Arkivfoto

Vidare kjem dei oppmodingar for å unngå smitte i sine butikkar.

– Gå aleine på butikken om du kan. Ikkje utsett borna og heile familien for den auka smittefaren det er å gå alle på butikken. Hald avstand til andre kundar, særleg i kassakøen, og sørg for god hygiene. Bruk dispenserane med desinfeksjon som me har i butikken.

Rema 1000 Fitjar fortel vidare at dei ogso er opptatt av at dei tilsette ikkje vert sjuke.

– Mine tilsette er verdifulle, og viktige å halda friske. Om me får sjukdom vert det vanskeleg å oppretthalda den gode servicen. Så hald avstand til tilsette.

Butikken vil vurdera å starta med begrensa tal kundar i butikken på likt, om dei ser det må til for å sikra god avstand mellom kundar.

– Er du/de i ein situasjon der ingen kan hjelpa til med å handla? Ta kontakt med oss så skal me hjelpa så godt me kan med å få levert varer til deg. Ikkje nøl med å ringa oss, avsluttar Taule på vegner av sine tilsette.