Dette blir vårens høgdepunkt, fortel Terje Vestvik.

Me slår av ein prat med han og Kitty Træet. Dei legg inn gode ord for Fitjar Musikklag sin konsert komande laurdag, eit årleg arrangement på femte året. Det blir ein konsert for go´foten, understrekar Terje, med popmusikk som høver for alle aldrar frå ungdom og oppover. Tema dette året er 60 – 80 tals-musikk, med låtar frå Elton John, Leonard Cohen, Blues Brothers med fleire. Av desse kan ein nemne I feel good, Candle i the Wind, Crocodile Rock, altså mange raske låtar med trøkk i, og Hallelujah som er av det rolege slaget. Kitty og Terje framhevar dei lokale solistane Årstein Tislevoll, Ole André Westerheim og Audun A. Mehammer. Sistnemnde spelar også brass i musikklaget. Årstein si stemme er særprega i høve Blues Brothers-musikk. Fitjar Musikklag syter for show med diverse underhaldning, og lokalt band er Per Egil Larsen og Årstein Tislevoll (gitar) og Ole Christian Ottestad (saxofon). Alle desse er godt kjende i bygda og dei kan sitt fag.

Fitjar Musikklag sin dirigent Torbjørn Rossland, var på plass i dag då det var avsett mange timar til øving i lag med solistar og band. Musikklaget er forsterka med spelarar frå Langeland Skulekorps, Sagvåg Musikklag og tidlegare medlemmer. Annonse på fitjarposten.no gir fleire opplysningar om arrangementet.