Turfolk som har tenkt seg til fjells i Fitjar i morgon, må tenkja tryggleik, og ikkje gå åleine.

Det er initiativtakar Odd Sverre Larsen som kjem med denne formaninga til fitjarposten.no. Dei som går den lange turen, startar i samla flokk klokka 08.00. Her vil det vera erfarne fjellfolk både i fortroppen og i baktroppen. 

Når det gjeld den korte turen, er det litt annleis. Ingen vil stå med startpistol og senda folk av garde klokka 12.00. Derfor bør alle som har tenkt å starta utpå føremiddagen ordna seg turfølgje i dag. Det er ikkje lurt å leggja av garde åleine på 4-fjellsturen, seier Odd Sverre, og minner om Fjellvettreglane.