– Det er viktig å tenkja på tenkja tryggleik dersom du har planar om å feira nyttår med fyrverkeri, fortel Vidar Larsen hos Larsen Multihandel.

Hos Larsen Multihandel får du alt det fyrverkeriet du måtte ønskja deg til nyttårsfeiringa. Her får du òg det utstyret du treng for ei sikker feiring med fyrverkeri.

Alle som kjøper fyrverkeri får med seg brosjyren «SIKKERHET DITT ANSVAR!» frå Norsk Pyroteknisk Bransjeråd og vernebriller, som er å få i ulike storleikar. I tillegg får du med ein tennstav på 26,5 cm. Når du har fått fyr på denne, slepp du å stikka nasen inn i lunta på fyrverkeriet når du skal fyra opp.

Tvert imot kan du få avstand til lunta. Gjer som det står i brosjyren: «Tenn på luntens ende med strak arm. Vend ansiktet bort fra fyrverkeriet. Bruk beskyttelsesbriller.»

Hos Larsen Multihandel har dei ope i dag, laurdag, fram til kl. 18.00, og på nyårsaftan frå klokka 08.00 til 16.00. Så det skal ikkje stå på opningstidene, seier Vidar Larsen til Fitjarposten. Han er elles oppteken av at folk ikkja skal komma til skade, og minner om at fyrverkeri og alkohol IKKJE høyrer saman!